Anniken England
Anniken England

 

Om meg

Mine røter er frå Leikanger i Sogn og Fjordane, der fjell og fjord i kombinasjon med frukt og grønt har vore ein dose til dagen. Lærdommen om friske, syrlege og smaksrike eple la grunnlaget for ei større interesse for mat, og i seinare tid, vin.

Barndommen lærte meg at mat er viktig og at tida ein bruker på kjøkkenet er vel investert, spesielt då alle skal samlast til middag etterpå. Eg tykkjer at det alltids skal finne rom for vin, mat og hygge i kvardagen – ikkje berre i helgane og til festlegheiter.

Eg er utdanna sommelier ved Kulinarisk Akademi i Oslo. Tida før og etter har gitt meg ulike arbeidserfaringar ved Tango Restaurant i Stavanger og seinare på Vinmonopolet i Valkendorfsgate, Bergen.

Etter fullført økonomistudie ved Norges Handelshøgskule, jobbar eg no fulltid med alt som kan relaterast mot vin. På bloggen Druefin deler eg nyttig fakta, smaksnotatar, vinturar, mat og generelt alt det gode som kan bindast opp mot vin.

Druefin vert skrive profittlaust, med mindre noko anna er nevnt i blogginnlegget.

 

PRESSE & OMTALE

Sogn Avis