Nadine Ramsberg

Luke 7

Nadine Ramsberg
Luke 7

Pinnekjøt    

Heile sju av ti Vestlendingar har pinnekjøt på julekvelden. Lamme- eller  fåreribbe  vert salta, tørka og vanlegvis lagt i vatn over natta. Ein kan gjerne la pinnekjøtet ligge lengre i vatn, avhengig av kor salt du ønskjer at det skal vere. I nokre delar av landet vert kjøtet i tillegg røykt,  noko som byr på ei større utfordring i kombinasjon med vin.  

Tradisjonelt serverer ein poteter og kålrabistappe til,  og det  gir ekstra  sødme  til maten.  Det er heller  ikkje uvanleg  også  ha grove pølser eller  vossakorv  ved sidan  av. Den tradisjonelle retten byr på ein  heilt unik smak og kombinasjon som berre høyrer  julekvelden til.

Kort oppsummert  blir det mykje salt og fett, men fy så godt det er! 

Drikke til julemiddagen.jpg

 

Dagens premie:  

Yes, du treng denne godbiten i hus. 

Stefan Raddeck er karen bak den flotte vinen og kjem frå Nierstein i Rheinhessen Tyskland. Her har familien dyrka vin i fleire generasjonar, men det var fyrst faren hans som sette familienamnet på flaska. Sidan den gong har ønologen Stefan Raddeck bidrege til å løfte produksjonen til nye høgder. Du kan lese meir om produsenten HER.

 

Dagens tema:  

Drikke til pinnekjøt 

Foto: Henta frå Matprat.no

Foto: Henta frå Matprat.no

Den norske kulturen for brygging av øl, og den elskverdige akevitten, har gitt oss eit naturleg val av drikke til. Ølet byr på ein forfriskande kontrast av sødme,  som harmonerer  med stappa og det salte kjøtet. Kveldens redning er, for mange, akevitten, som reinsar opp feittet og hjelper magen å fordøye måltidet.   

Kombinasjonen  av pinnekjøt,  øl og akevitt vil harmonere. Min far og  mine  onklar i Sogn, hadde ein tradisjon for å brygge juleøl. Like før jul vart det tappa på flasker og gitt som julegåver – tenk så eksotisk?   

Generelt er det heilt spesielt med heimelaga produkt.  Opp igjennom åra har ein raffinert den  hemmelige  oppskrifta for å oppnå best mogleg resultat. Ølet deira byr på ein  mellommørk  farge,  er  noko grumsete og inneheld gode aroma. Det er ingen år som er like,  og  variasjonen byr på ei spennvidde. 

Spaninga knytt til årets resultat er difor  alltid  stor.  

Vinglas.jpg

Om du er ein av dei som ønskjer noko anna  enn det tradisjonelle, er det  også  fullt mogleg. Kva for vin skal ein sjå etter?

Jo, kort sagt ønskjer ein å servere kvit- eller raudvin som er  sødmefull og  rik på frukt. Pinnekjøt som er røykt treng noko  restsødme  i vinen  for å handtere saltet og røyksmaken  frå kjøtet. For å oppnå den optimale kombinasjonen vil ein  difor  trenge konsentrerte aromastoff,  eller nok smak, slik at begge partar får spele ei viss rolle i måltidet.  

 

musserande:

Det er noko spesielt med den konsentrerte og vellagra Champagnen, men ein skal heller ikkje  kimse  av andre gode musserande produsentar som verkeleg kan  det  å lage gode saker, t.d. Crémant  frå Frankrike. Den boblande vinen byr på  friskheit  og mykje aroma. Blant dei mange Champagne er det Blanc de  Noirs  som ein gjerne bør sjå etter.

  1. Ligier Crémant de Jura Blanc de Blancs Brut (ordrenr. 2197401) 184,90 kr. 

  

Kvitvin:

Drua over alle druer, noko spesielt er det med Riesling. Variasjonen i  sødme, aroma og ei eksepsjonell haldbarheit i kjellaren gjer denne til eitt  av mine  topp 10 val. Ei flaske som er tørr til det salte pinnekjøtet slår alltid an,  eller prøv deg på  ei  halvtørr e i  om  pinnekjøtet  er røykt.  Dette er utan tvil eit sikkert og godt val.  

I tillegg vil eg prøve meg på andre druetypar som pinot  gris og  chenin  blanc. Druetypane har til felles å vere aromatiske og byr alle på mykje smak. Med nok syre og hint av  sødme,  så er vi i mål.  

  1. Raddeck Edition 2Hügel Roter Hang Riesling trocken 2015 (ordrenr. 3484201) 184,70 kr. 

 

Raudvin:   

Til dykk som ønskjer å ha den kjære raudvinen på bordet er det  også  fullt mogleg. Raudvin med god fruktigheit, høg friskheit og moderat innhald av garvestoff er det ein bør sikte mot. Bakgrunnen for moderat innhald av garvestoff er innhaldet av salt i kjøtet, sjå derfor etter  barbera,  pinot  noir  og  sangiovese.  

  1. Borgogno Langhe Rosso Pinin 2013 (ordrenr. 7906401) 159,90 kr.