Nadine Ramsberg

Luke 4

Nadine Ramsberg
Luke 4

Julefrukost

Kva kan ein lage sjølv? 

Paté 

 

Ein skal slett ikkje undervurdere tradisjonane i jula, deriblant heilegdommen med julefrukosten. I jula kan frukosten gjerne strekke seg ut over mange timar då ein har mykje godt på bordet, saman med kaffi og ein god prat eller lesestoff. Det er trass alt lov å roe seg ned eit par hakk.  

I løpet av veka skal vi ta føre oss ei rekke klassiske og gode julepålegg som du enkelt kan lage til jul. Følg oppskrifta til Kokken og Konditoren under, og sjå videoen deira.  

 

Sjå videoen av Raymond av hans pateoppskrift: 

 

Dagens premie...

Er kaffe frå Kaffemisjonen, alle trenger vel skikkeleg kaffe til jul? I videoen under delar Christian meir informasjon om kaffe. 

 

 Julepate

Oppskrift frå Kokken og Konditoren

 

Ein god julepaté passar alltid på frukostbordet i jula. Du står fritt til å ha litt ekstra snadder i. Vi har tilsett tørka frukt, bacon og nøtter slik at ein får litt tekstur og forskjellige smakar i. 

Besøk gjerne din lokale slaktar for å få tak i god svinelever. 

P1250362.JPG

Ingrediensar:  

  • 450 gsvinelever 
  • 250 gmedisterdeig 
  • 50 gbacon 
  • 30 gpistasj utan skall 
  • 20 gsultanrosiner 
  • 20 gtørka aprikos 
  • 2 stk.egg 
  • 1 dlfløyte 
  • 3 ts.salt 
  • 1 ts.Julespice

 

Framgangsmåte:  

Del svinelevra i like store terningar og kok dei opp i 3 minutt. Avkjøl så til det er kjøleskapskaldt. 

Ha medisterdeigen og krydderet saman i ein blender. Miks det heile saman før du sper med fløyte og egg, og rører det saman.  

Ha farsen i en bolle og vend inn bacon, pistasj, rosiner og aprikos. 

Steik på 170 grader, i vassbad, i ca. 1 time, følg med då steiketida vil avhenge av forma du nyttar.  

Ikkje nok med at du kan glede deg over julepatéen på frukostbordet, vil dette også vere ein ypparleg presang å til ein god ven. Ingenting er som heimelaga pålegg (evt noko meir her)!