Nadine Ramsberg

Luke 24

Nadine Ramsberg
Luke 24

Phuufh!  

24.DESEMBER - Dagen er her

pexels-photo-728460.jpeg

Korleis du skal tilbringe 24.desember? 

Kan eg anbefale deg å starte med ein god og solid frukost, gjerne med pålegga du sjølv har laga, ein kopp god kaffi og kanskje ein av dei mange juleblanda? 

Om du verkeleg skal sette prikken over i`en, kan du gjerne ete litt søtsaker til kaffien. Det er utan tvil slik eg gjer det. I bakgrunn rullar ”Tre nøtter til Askepott” etterfølgt av ”Reisen til julestjernen”. Deretter kan ein nyte litt frisk luft, om ein ikkje er av typen som har tett program.  

Ein ynskjer å sjå på jula som årets kjekkaste høgtid. Me har no opna 24 luker med tips og triks til korleis ein kan gjera feiringa enno litt betre enn fjorårets. Rundt oss vert me bombanderte med reklamar og forventingar om dyre presangar, bugnande middagsbord, flotte juletre og store familieselskap. Jula skal bestå av magi og idyll.  

Ikkje at eg skal vere gledesdreparen her, men det er slett ikkje slik for alle. Sjølv vart julefeiringa mi aldri den same etter at foreldra mine fekk problem for nesten 15 år sidan. Som hjå mange andre set dette spor, men dette er samtidig noko ein kjem seg gjennom og klarer seg vidare etter.  

Det kan vere mange ting som er årsaka til at jul ikkje er ei høgtid ein ser fram til. Nokre har ingen å feire saman med, medan andre ikkje har pengar til å fylle forventingane samfunnet har sett. Vi som har kost oss med denne julekalenderen og førebudd oss til jul gjennom ein heil månad er vel alle relativt privilegerte, utan at me skal skamme oss over det. 

Mitt poeng er vel at jul ikkje treng å idylliserast, men at ein heller skal verdsetta julaftan som ein dag der ein finn roen, et og drikk noko godt.. Nyt dei små stundene med dei rundt deg og verdset dei for dei personane dei er, på godt og vondt. 

Eg er heldig som har fått diska opp med ein ny vri på julematen og med bobler servert i glaset. 

 

Kva enn du måtte gjere, god jul!  

Del gjerne kva du smakar på i dag som er ekstra godt. 

 Dagens premie.. 

Christmas dinner.jpg

Ein middag for to på Café Herman når eg held nytt mat- og vinkurs i 2018. Eg annonserer vinnaren kl 21.00 i kveld!

Hurra !

Korleis du enn måtte feire 24.desember, nyt den på ditt vis med alle små og store gleder som måtte komme din veg.