Nadine Ramsberg

Luke 23

Nadine Ramsberg
Luke 23

Dagen før dagen

Er du klar?

grevinnen.png

Sjølv om heile desember handlar om å komme seg i mål til 24.desember, er det viktig å nyte ventetida også. Difor tykkjer eg det er viktig å halde fokuset på matlaging, hygge og å sette av tid til venner og kjente.  

For det er faktisk kvardagen det er flest av og dei må ein nyte, spesielt dei små stundene.  

Så ja, i morgon er det 24.desember - dagen dei fleste born gler seg til. Om du har fått unnagjort alle gjeremål, som husvask, kakebaking og julepyntlaging, eller ingen av delane, kan eg stadfeste at jul blir det uansett!  

Det du kanskje må hugse på er å legge pinnekjøtet i vatn eller krydre ribba, og gjerne sette eventuell drikke til julematen kaldt.  

Vanlegvis flyr/båtar eg på denne dagen og kjem fram til destinasjonen for julefeiringa utpå dagen. Då er det ingenting eg heller vil enn å smake på rakfisk, drikke noko godt til og sjå  Grevinnen og hovmesteren.  Programmet nesten alle kan replikkane til og ler like godt til, år etter år.

 

Dagens premie... 

winner.jpg

Ei flaske musserande kjem i posten til den heldige - det er på sin plass med litt bobler i dag!

 

Sherry to the soup

Sherry.jpg

Det er ikkje berre til suppe sherry høver seg, men også til mange andre rettar OG den kan gjerne også drikkast åleine. Som tidlegare nemnt, er eg stor tilhengjar av sherry, og har difor sherry ståande i kjøleskapet om eg får lyst på eit glas eller om eg får uventa besøk på døra.  

Tusen takk til mi gode venninne, Sara, som alltid har sherry i hus og som vekka nyfikna mi for sherry igjen!  

 

Litt om Sherry....

På 1600-talet vart sherry rekna som verdas beste vin. Sherry er ein oftast tørr sterkvin som vert laga på kvite druer og kjem frå området rundt Jerez i Spania. Den gjærast lenge slik at druesukkeret blir til alkohol. 

Om det er britane vi skal takke for at sherryen kom på marknaden, med si interesse og trong for portvin, sherry og madeira, er vanskeleg å seie. Liten tvil er det i alle fall om at ryktet til sherry kan vere både óg. 

Nokre er stivt prisa, men med upåklageleg innhald, og ein kan då vera einige med folket på 1600-talet. Diverre har vi også mengder av sherry av dårleg kvalitet på den norske marknaden, som har gitt sherryen eit dårleg stempel. 

Kanskje assosierer du det meir med ein ”gamal-tante-drikk”, og styrer unna? 

Du er i så fall ikkje åleine. Denne spanande vinen vert i dag ofte undervurdert, og difor lite nytta. Kanskje kan ein skulde på kommersiell drift for å ha øydelagt ryktet til sherryen, som med så mange andre produkt, men finn ein godt produsert sherry er det liten tvil om at dette er dropar verdt å smake på. 

Sherry er kjekt, veldig kjekt. Og godt! 

Sherry kan vera frå tørr mot meir søt i karakter, og har difor eit breitt bruksområde. Den gjer seg til dømes godt som aperitiff,- vel då gjerne sherry av typen fino eller manzanilla. 

Sjølv om vi gjerne føretrekk dei mange gode kvite eller raude vinane til mat, skal ein altså ikkje undervurdere sherry til måltidet, og heller ikkje gløyme at den gjerne kan drikkast åleine.

 

Kva drikk du i kveld??