Nadine Ramsberg

Luke 21

Nadine Ramsberg
Luke 21

Gravlaks

til frukost og til forrett  

.....om du har grava litt ekstra laks eller ynskjer å finne fleire bruksområde. 

Gravlaks er perfekt både til frukost og til forrett, du kan bli overraska kor godt det faktisk er. Raymond sitt forslag er å servere gravlaksen med ein god eggekrem og med ein enkel salat med blomkål og dill til. 

gravlaks.jpg

 

Dagens premie...

Det er utruleg kor flinke og dedikerte folk vi har rundt oss - folk som bruker store delar av livet sitt på å bli eksepsjonelt gode på akkurat sitt område. Andre kan ofte ikkje forstå bruken av tid.  

Ein av desse dedikerte er Chris frå Restaurant 1877 i Bergen.  

Dagens premie er ein 2-rettars meny på restauranten, hurra!!

P1250360.JPG

 

Dagens tema:

Gravlaks 

Sjå videoen under der Raymond fortel om sin forrett, denne vil du prøve sjølv!  

Gravlaks:

Ingrediensar: 

  • 300 g lakseloin 

  • 1 ss     salt 

  • 1 ts     sukker 

  • 3 ss     finhakka dill 

  • Litt malt anis, kanel, pepar, nellik (ca. ½ ss til saman) 

 

Framgangsmåte:

Bland saman salt, sukker, dill og krydder. Vend lakseloinen i det slik at den vert heilt dekka. 

Pakk fisken inn i plastfolie og la den ligge i 1-2 dagar i kjøleskapet. 

 

Eggekrem:

Ingrediensar: 

  • 3 stk.  eggeplomme 

  • 1 dl     rapsolje 

  • 1 ss     temperert smør 

  • litt      salt og sitronsaft 

 

Framgangsmåte:

Ha eggeplommene i ei gryte eller skål som du dekkar med rapsolje. Sett i steikeomnen på 70 grader i ein time. 

Ta eggeplommene ut av olja, miks inn 1 dl rapsolje og smør. Smak til med salt og sitronsaft. 

 

Rugpuff:

Ingrediensar: 

  • 3 ss     rugmjøl 

  • 2 ss     vatn 

  • ½ ts     salt 

  • ½ ts     bakepulver 

 

Framgangsmåte:

Bland saman alle ingrediensane til du får konsistens som ei tjukk vaffelrøre. 

Varm opp olje i ei gryte til ca. 160 grader, drypp dropar av rugmiksen nedi. Når dei har blåst seg opp, fått ein gyllen brun farge og har blitt crispy, er dei ferdige. 

Server gravlaksen i tynne skiver, med eggekrem og salat med blomkål og dill til. 

 

Kva drikker ein til:

  1. Pfaff Riesling Tradition 2015 (ordrenr.647101) 126,90 kr.
  2. Dopff & Irion Les Murailles Riesling 2010 (ordrenr. 3042801) 199,90 kr.

 

Så enkelt, og likevel så fancy – eller kva?