Nadine Ramsberg

Luke 5

Nadine Ramsberg
Luke 5

Julepålegg

Du kan lage meir pålegg:

 

Er du tilhengar av sild? Sild er, for mange, utfordrande å ete, men gi det likevel ein sjanse. I Noreg har vi lange tradisjonar med sild, og med små, enkle grep kan du lage mange ulike variantar av dette klassiske julepålegget.  

Eg har vokse opp med at førjulstida inneber å lage eit par forskjellige typar sildepålegg. Ofte laga me litt ekstra, slik at vi kunne gi det i gåve til venner og kjende.

Tradisjonen tru lagar eg framleis sild før jul. Dei siste åra har eg alliert meg med ei venninne, og vi lagar då mykje av ein type kvar, for så å byte. Slik sit vi begge igjen med to forskjellige sildetypar som kan nytast under julefrukosten.   

P1250377.JPG

 

dagens tema: Sild

I år har vi fått gode oppskrifter frå Kokken og Konditoren, og du skal få gleda av å prøve dei.  

Det å lage sin eigen sild til jul er lettare enn du trur. Her har du fleire variantar å velje mellom,- vi skal ta føre oss sylta sild og rømme- og sennepsild.  

Spekesildfiletane bør ligge i kaldt vatn eit par timar, elles blir det ganske salt. 

 

Dagens premie

Er ei flaske vin frå ein av mine favorittprodusentar i Tyskland, nemeleg Stefan Raddeck. I dag er eg faktisk på besøk hjå han her i Nierstein Rheinhessen. 

Stefan Raddeck. Foto: Anniken England 

Stefan Raddeck. Foto: Anniken England 

Sylta sild

Ingrediensar:  

  • 2 stk. spekesildfilet 
  • ½ stk.gulrot 
  • 1/4 stk. fennikel 
  • ½ stk.raudløk i skiver 
  • 3 stk. peparkorn 
  • ½ ts.karve 
  • 1 stk.laurbærblad 
  • 0,5 dlsukker 
  • 1 dlepleeddik 
  • 2 dlvatn 
  • ½ ts.salt 

 

Framgangsmåte:  

Kok opp eddik, sukker og vatn med grønsaker, som du har høvla tynt, og krydder. 

Avkjøl litt før du har i sild i bitar og sett det kjølig. 

 

Rømme- og sennepsild

Ingrendiensar:  

  • 2 stk. spekesildfilet 
  • 1 dlcrème fraîche 
  • 1 ss dijonsennep 
  • 1 ssfinhakka dill 
  • 1 ssfinhakka raudløk 

 

Framgangsmåte:  

Rør saman crème fraîche, sennep, dill og raudløk. 

Ha så i sild som du har kutta i bitar. 

Pass på at du smaker på sildesalaten før du har i salt eller andre krydder. 

 

Voila! Du kan no nyte ditt heimelaga sildepålegg til frukosten, og kanskje også gi noko vekk i gåve?