Nadine Ramsberg

Luke 2

Nadine Ramsberg
Luke 2

Dessertvin

Kva er så greia med dessertvin?   

 

Dei fleste eg kjenner rynker på nasen då eg idylliserer dessertvin. Blikket deira lyser ”det er vel ikkje naudsynt” eller ”det er vel for søtt og klissete”. 

Sett ut frå Maslows-behovspyramide kan eg seie meg einig, men no har det seg slik at vi vant i lotto og hamna i Noreg. Alle våre behov er dekka, vi kan realisere oss sjølve og reise, ete og drikke nesten alt det vi vil.  

Opplevinga dessertvin kan bidra med er orgasme på eit nytt nivå – ein ømfintleg oppleving med aroma, perfekt fylde, godt innslag av syre og trøkk - olalala!  

Med ein god dessert og rett dessertvin til er eg i himmelen, paradis eller kva enn du kallar dette ultimate lykkestadiet.  

Desse dessertvinane bør du ha i hus, sjå anbefalinga under :)     

Love for dessert.jpg

 

Dagens premie…. 

Er den kjempeflotte bok "Ta Kaka" av Åse Kongsvik, Kari Støfringsdal og Heidi Brunstad. Finne oppskrifta til Åse her. 

Åse held til på Leikanger i Sogn og har brukt store delar av dei siste 20 åra på å lage mat på Henjatunet, Café Herman og forfattar for tre bøker. Ho er ikkje utdanna kokk, men med brennande lidenskap for gode, økologiske og nye råvarer har ho lært alt sjølv. 

Eg er heldig som får samarbeide med Åse i ulike settingar og det er kanskje meir spanande de får høyre om oss i 2018. 

For meir matinspirasjon vil eg anbefale dykk heimesida til Åse, nemeleg Gardskjøkkenet. 

 

Fleire godbitar til deg:  

 

Riskrem.jpg

Riskrem med bringbærsaus

Ingen jul utan, vertfall ifølgje min bror. Då han i oppveksten trente rumpa av seg kunne han ete eit lass med riskrem etter julemiddagen utan å legge på seg eit gram. I dag er leiken ein anna, men mengda er fortsatt like stor – eller meinte eg gleda? 

For mange er det ingen julekveld utan. Heldigvis (som mykje anna) er riskrem enkelt å lage frå botn av og her kan du gjerne trikse litt med kva for saus du vil ha (sjølv om mange helst vil tvihalde på den tradisjonelle).  

Det finnast mange gode alternativ, og sjølv om dei er veldig ulike så er dei fortryllande i munnen på kvar sin måte.  

Prøv deg gjerne på ein ungarsk Tokaji, som gir ein aroma som går i retninga av honning, tørka, gul frukt og nøtter. Eit anna alternativ er å velgje ein portvin frå Portugal. Dette vil gi deg meir blå frukt og tørka, raud frukt. Eller ein perlande italienks godbit? 

Bestill:  

  1. Gironda Brachetto d´Acqui 2016 (ordrenr. 858401) 149,90 kr. 

 

 

Karamellpudding.jpg

Karamellpudding 

Heimelaga karamellpudding er det få dessertar som slår, spesielt når ein lagar til krem og har karamellsaus over. Og ja, det må vere saus som kjem av brent sukker og som er det vetle som er att i forma. Det er ikkje for mykje av, men nok til at det strekk til.  

Til ein søt dessert treng ein balanse med dessertvinen, og ein må finne noko som er enno søtare for å få til denne balansen. Den optimale dessertvinen må gjerne ha karamell og nøtter, så kvifor ikkje ha ein Tokaij ståande heime? Det er magisk eller italiensk Vin Santo? 

Bestill:  

  1. Castello di Brolio Vin Santo 2008 (ordrenr. 9814802) 299,00 kr. 

 

 

CRÊME BRULÈE .jpg

Crême brulèe  

Kva er vel ikkje betre enn å avslutte måltidet på fransk vis? Desserten betyr faktisk ”brent krem” på fransk. Den krema vaniljepuddingen vert dekka med eit brunt lokk av smelta sukker. Kanskje ein av mine favorittdessertar.  

Vinanbefalingar. Mange vil klare seg fint utan, men noko eg verkeleg kan anbefale deg er dessertvin til den franske klassikaren. Desserten har karamellkarakter i smak. Dei anbefalte vinane under vart også nemnde under forretten, og desse har eg også brukt her for å vise bruksområdet og at det er all grunn til å kjøpe inn dessertvin. Dei kan nyttast til så mangt! 

Den optimale kombinasjonen til crême brulèe er den ungarske Ch. Megyer Tokaji Aszú 5 Puttonyos 2011. Vinen fyller munnen med aroma av aprikos, tørka frukt og honning.  

Du finn også andre gode alternativ, som til dømes den franske Ch. Suduiraut 1989. Dette er atter ein smaksrik og fantastisk vin som byr på tørka frukt, fersken og nøtter.  

Bestill: 

  1. Ch. Megyer Tokaji Aszú 5 Puttonyos 2011 (ordrenr. 5451302) 269, 00 kr. 
  2. Ch. Suduiraut 1989 (ordrenr. 6932702) 339,90 kr. 

 

 

Hermetiserte plommer.jpg

Hermetiserte plommer

Kva med litt tradisjonell dessert, gjerne med råvarer som du kan plukke i hagen og lage seg sjølv? Det er nok fleire enn berre meg som kan glede seg over denne desserten, sjølv om den gjerne ikkje fell inn under den moderne kategorien.  

Vedlagt kan du finne oppskrifta og ei anbefaling til kva du kan drikke til.  

Til å ha i glaset hadde eg Calem Colheita 2000.  DET var godt det. 

Om du er gira på litt vin med alder er Colheita absolutt eit godt alternativ då den er i strålande form, med god frukt, trøkk og lengde i munnen. Dette er ein knall portvin, med heile 16 år på baken. Det er jo litt moro. 

Vinen er saftig og elegant med aroma av plommer, god konsentrasjon og fin syre. Desserten og vinen passar som hand i hanske. 

Bestill (denne kan også nyttast til Oslo): 

  1. Calem Colheita 2000 (ordrenr. 5426601) 450,00 kr. 

 

* * *

 

Og best av alt, konditoren vår linn, kjem med ei rekke rågode dessertoppskrifter og anbefalt vin til!