Nadine Ramsberg

Luke 19

Nadine Ramsberg
Luke 19

Riskrem

med ein liten vri ?

Riskrem.jpg

Er det lov med ein liten vri på riskremen?  

Sannsynlegvis har du restar etter julegrauten, og desse passar det ypparleg å lage riskrem av. 

Vi har laga ein litt moderne vri med ein frisk bringebær granite (betyr skrapa is) og toppa med krokan av brente mandlar. 

 

Dagens premie..

Dessertvinen må testast ut, anten til den tradisjonelle riskremen? eller til Linn sin variant, kva smakar best? 

Premien kan du plukke opp på ditt nærmaste Vinmonopol.  

 

Oppskrift frå Linn

Sja kva vi anbafaler av vin i videoen under. 

 

Rester av risengryns grøt

Ingrediensar: 

  • Restar av risengrynsgraut 

  • Fløyte til krem 

  • 250 g frosne bringebær 

  • 50 g melis 

  • 1 korg friske bringebær 

  • Brente mandlar 

  • Sitronmelisse 

 

Framgangsmåte:

Mengda krem og graut du vil ha, det er opp til deg. 

Pisk ønska mengde fløyte til den er halvstiv, med litt vaniljesukker i. Vend inn grauten (den må være kald). 

Bringebær granite lagar du ved å tine bær og ha dei i eit litermål saman med melis. Bruk gjerne ein stavmiksar og ei sil, for å kvitte deg med frøa. Deretter frys du blandinga igjen, og skrapar så av bitar med ein gaffel like før servering.  

Server riskrem med granite, friske bær, sitronmelisse og krokan av hakka brente mandlar. 

 

Anbefalt drikke: 

  1. Liefmans Kriek Brut (ordrenr. 2792702) 51,90 kr. 
  2. Il Falchetto Brachetto d'Acqui 2016 (ordrenr. 4592301) 150 kr. 

  3. Niepoort Tawny 10 Years Old (ordrenr. 1392102) 164,90 kr.