Nadine Ramsberg

Luke 17

Nadine Ramsberg
Luke 17

Gåvepakke

Ynskjer du å gi det vesle ekstra?  

Gjerne i ein pakke med den ypparleg kombinasjonen mellom vin og mat?  

Då har eg tre forslag til deg som vil slå an, for det er meir enn nok å finne ei god flaske, kanskje lage noko heime/kjøpe, og vipps er ein der. Det er slett ikkje vanskeleg å imponere berre ein har ein liten plan.  

gift bag.jpg

1. Bobler og andeconfit: 

Spenstig og uvanleg her i Noreg, men ikkje i Frankrike. I Frankrike har ein ei mengd godsaker vi berre kan drøyme om her i Noreg, og dei nyter råvarene sine til den store gullmedaljen. Måltida strekker seg gjerne ut over fleire timar med ei rekke rettar og vinar til.  

Difor er det på sin plass at ein no kan få tak i rågod andeconfit frå Frankrike i Noreg, der anda faktisk har fått eit verdig og godt liv før vi skal nyte den.  

Firmaet Tre løk og en franskmann byrjar med import av fransk mat med det fyrste, i tillegg til italiensk og spansk mat på sikt. Du kan bestille andeconfit om dette kan passe anten som gåve eller til ein av dei mange måltida i jula.  

Til anda vil eg anbefale å drikke Champagne, Roland Champion Cuvée d´Aramis Brut.  

 

2. Amarone og sjokolade:  

For kven er ikkje tilhengjar av ein fyldig vin i kulden med litt sjokolade til? Den optimale kombinasjonen mellom kos, hygge, vin og søtsaker.  

Finn ein sjokolade av OK+ kvalitet, helst mør, og her er flaska du skal kjøpe til, Domini Veneti Vigneti di Jago Amarone Della Valpolicella 2010, du skal kjøpe til. 

 

3. Sherry, karamellsaus og karmelliserte nøtter:  

Something new, something old, something borrowed - eller gå for noko kjøpt og noko heimelaga?  

Lag ein heimelaga karamellsaus og karmelliserte nøtter. I pakken legg du ved ein lapp der det står "ypparleg til vaniljeiskrem" og denne sherryen, Ximenez-Spinola Old Harvest Pedro Ximenez 1964. 

 

caramel dessert.jpg

 

Dagens premie..

Er andeconfit frå Frankrike, frå vårt selskap Tre løk og en franskmann. Måltidet kan du tilberede med oppskriftene som kjem på laurdag og smak gjerne ein av dei anbefalte vinane til.   

confit-de-canard-duck.jpg