Nadine Ramsberg

Luke 16

Nadine Ramsberg
Luke 16

Alkoholfritt

Til julemiddagen

Det er ikkje berre alkohol som skal prege jula og julemåltida, ein kan også finne mange andre gode produkt ein kan nyte og ha stor glede av. Alkoholen er ikkje målet, men smaken.  

I Noreg byrjar me å bli rimeleg gode på most, anten laga på ein av dei mange eplesortane, bringebær, solbær, blåbær eller rabarbra. Vi har passande klima, frukt og interesse for å skape rågode produkt.  

Så kva passar til pinnekjøt og kva passar til ribbe?  

eple.jpg

Drikke til Ribbe: 

Blant oss nordmenn er det ribba som er mest populær. Smaksmessig er den både feit og stor, men sjølve ribba er ikkje så utfordrande som tilbehøyret når det kjem til val av drikke. Dette gjeld også for alkoholfrie alternativ.  

Her skal du drikke 100% eplemost frå Sogn, 1184. Den er frisk i smaken med delikate eple, og med ein flott balanse mellom syre og sødme.  

 

Drikke til Pinnekjøt: 

På Vestlandet er det pinnekjøtet som er favoritten, enn så lenge vertfall. Pinnekjøtet er som du kjenner salt og tørka, noko som gjer at sødme ikkje er like viktig som for ribba. Her søker ein heller etter friskheit for å handtere feittet, så raude bær gjer susen.  

Finn difor kombinasjonen mellom eple og anten blåbær, bringebær eller kirsebær. Dei raude eller blå bæra gir den siste finishen du treng.  

 

Alkoholfritt til julematen

Sjå videoen av produsenten sjølv, Stig Johnny Buvik. 

 

Dagens premie..

Ei flaske av eplemosten 1184 til ribbe og pinnekjøtet, hurra! Vi annonserer vinnaren kl.2100. 

1184.jpg