Nadine Ramsberg

Luke 14

Nadine Ramsberg
Luke 14

Julegåvene

Som berre er eit tastetrykk unna.

Kva gir ein til dei som har alt? Julegåver er som regel eit stressfult tema for mange. Vi er over gjennomsnittet priviligerte menneske som kan kjøpe det vi har lyst på eller føler at vi "treng". Det har resultert i at vi har langt meir enn kva som faktisk er nødvendig, etter mi meining vel å merke. 

Sjølv om vi har det meste, vil vi som regel gi noko i gåve. Her kan det vere alt frå kle, pyntegjenstander, praktiske gjenstander eller kva med ei oppleving? Gjerne noko som ein kan nyte saman.

Vi er den perfekte gåva, gjerne med ei oppskrift til, då må ein i tillegg lage eit måltid ilag.  

Det som er ekstra fint med å kjøpe gåvene frå Vinmonopolet er at du kan sitte heime, gjennomføre bestillinga, betale og du kan plukke opp vinen på ditt Vinmonopol eller sende gåva til direkte til den rette personen. 

Gift wine.jpg

Dagens premie..

Ein vin du kan nyte aleine eller gi vekk til nokon du er glad i. Det ventar ein spanande vin på Vinmonopolet ditt. 

winner-is-competition-post-image.jpg

 

Anbefalte julegåver

Det er som regel nokre gåver som passar betre til han/ho, mor/far, venn/venninne eller dagshumøret ditt, det kan vertfall eg bekrefte. 

 

  • Venn kan gjerne vere ein kompis, så kva med øl? Det danske bryggeriet Bøgedal lagar ypparleg øl for julematen, det smakar kjempegodt og flaska er råflott. Difor vil Bøgedal Lakrids No 536 vere perfekt. 

 

  • Mor er den som alltid stille opp, tek telefonen og har ei utruleg eigenskap til å interessere seg for det ein held på med. Dei skulle gjerne ha motteke ein gullmedalje for innsatsen. Ikkje nok med det vil dei også ha sosiale kveldar med venninnene sine, og gjerne til ost. Prøv den Sør-Afrikanske vinen laga på chenin blanc, Bellingham Old Vine Chenin Blanc 2016. 

 

  • Far vil gjerne ha noko som er sterkare, som ein kan nyte eit glas av etter måltidet eller dele med dei rundt seg. Då kan ein diskuterer framtid og kva som skjer i livet akkurat no. Det er ei rekke gode saker ein kan gi, ein av desse er norsk gin, så kva med Barekstens Gin Fatlagret

 

  • Bestemor kan du gjerne gi ein dessert med ein vin til. Det betyr at ho har noko klart til sitt besøk og du kanskje får ein smakebit. Så kva med creme brulee og sauterne? Prøv Ch. Guiraud Sauternes 2010. 

 

  • Bestefar vil kanskje ha ei spekepølse og litt øl? Noko som smakar ekstra godt og kan by på gode minner? Prøv Balder Grabokk. 

 

  • Elles er det ei rekke vinar som det er kjekt å ha i hus til jul. Du får kanskje uventa besøk eller at du rett og slett vil ta eit glas mellom vaskinga, julekortskriving eller kva enn du måtte bruke tida på. 
  1. Musserande vin, Ligier Crémant de Jura Blanc de Blancs Brut. 
  2. Kvitvin, Dom. des Guyons l'Ardile Saumur 2014 

  3. Raudvin, Proyecto Garnachas de España Olvidada de Aragon 2013.