Nadine Ramsberg

Luke 11

Nadine Ramsberg
Luke 11

Drinkar til høgtida

Det lille ekstra ein kan servere

Om du er som meg er det høgst nødvendig med sterkare saker etter julemiddagen. Ikkje fordi at ein gjerne vil kjenne på alkoholen, men heller fordi maten er såpass salt, feit og hard at ein treng noko til å fordøye måltidet. 

Du har sikkert dine favorittar, min er faktisk Gin Tonic, men av og til treng ein variasjon. Difor har eg lagt ved min favoritt og andre godbitar frå svært dyktige smakarar og bartendar. 

 

Dagens premie..

Ein brunch for fire på Magda med alkoholfri drinkar. HURRA! 

Magda.jpg

 

Klassisk Gin Gimlet 

Ein klassisk drink, gjerne som du tilpassar etter din gane og som inneheld gin er ein innertiar hjå meg. Denne er frisk, leskande og kanskje farleg god? 

  • 2 delar gin (gjerne Tanqueray) 
  • 3/4 delar frisk lime
  • 3/4 delar sukkarlake 

Kok opp vatn og ha i nok sukker, du kjenner om vatnet er søtt nok. Medan sukkerlaken kjøler seg ned pressar du lime. 

Bland så det heile saman og ha i gin. No er det viktig at di smakar og får den balansen du føretrekker. 

Legg blandinga inn i frysen og ta den ut like før servering. Du sitter igjen med ein Klassisk Gin Gimlet som er frisk, sluch med fin styrke frå gien. 

pexels-photo-616834.jpeg

 

Christmas is Coming!

SLIK LAGER DU DEN PERFEKTE JULECOCKTAILEN TIL TO PERSONER.

Dette er ein favoritt frå Helleskitchen, ho byr på mange gobitar på si heimeside med oppskrifter, vinar og eventyrlege reiser. Prøv gjerne drinken og heimesida hennas. 

Ingrediensar: 

  • 200 ml friskpresset klementinjuice
  • 50 ml Disaronno amaretto
  • 80 ml vodka
  • isbiter

Shake alt kaldt i en shaker og sil over i to champagneskåler/cocktailglass. Server gjerne med et rødt cocktailbær.

L1040268.jpg

 

AQUAVIT SOUR

I Bergen finst det ei rekke gode restaurantar, barar og generelt, der det er flinke smakarar. Vi er heldige som får dele ein godbit frå Ujevnt Bar. 

Bruk eit passande glas, gjerne eit du ser på bilete (Coupette). Kenneth har heldigvis ikkje gjort det for avansert for oss, teknikken er tørrshake på is. Det betyr at du tek alle ingrediensane i ein shaker og shaker hardt. 

Ingredienser:

  • 40 ml Aquavit (Gammel Opland)
  • 30 ml fersk Sitronjuice
  • 20 ml Sukkerlake 1 : 1 ratio
  • 1 dash Bitter Truth Celery Bitter (kan sløyfast)
  • 15-20 ml Eggehvite

Som pynt etter garnish kan du gjerne kverne litt pepar på skummet og gjerne ha to lengder med stangselleri. 

P1180321.jpg

 

Drink med julegløgg

Magda er ein av dei nye barane i Bergen som verkeleg imponerar meg, her kan du sjå ein av deira julefavorittar. 

 

Kva for drink er din favoritt?