Nadine Ramsberg

Luke 1

Nadine Ramsberg
Luke 1

Velkommen

Velkommen til julekalendaren 2017!  

Nedteljinga er i gong, og det er no 24 dagar igjen til jul. Innan den tid skal du ha fått dei beste oppskriftene til julematen saman med kunnskapen du treng for å sette dei rette vinane til. 

Julegåvene er også berre eit tastetrykk unna! 

Anten du er av typen som vert stressa eller rett og slett berre utset julemaset, tenker eg uansett at det er naturleg å begynne fyrste luka med kva du skal ha i hus til jul av godsaker i glaset. Vi skal seinare gå djupare til verks (med rågode oppskrifter), men enn så lenge skal vi halde oss til ein rask gjennomgang og sjå kor utruleg enkelt det er å bestille godbitane – rett heim til deg, om du ynskjer det.  

 

Vin til julematen, bestill desse vinane !

Du finner anbefalt vin til dei vanlegaste julerettane under :) 

Bestille vin.jpg

 

For visste du at Vinmonopolet har gratis heimlevering til dei som ikkje har Vinmonopol i kommunen sin? Dette bør ein så absolutt nytte seg av, for den løysinga er kjempeflott!  

Til oss andre som har Vinmonopol i kommunen kan vi også bestille varene heim til oss mot ei lita avgift eller bestille det levert til polet, og vipps får vi melding om at vi kan hente det.

Genialt.  

Om du ynskjer ekspertise, bruk dei tilsette på polet, dei sit på langt meir kunnskap enn mange anar og dei får rågod oppfølging for å best mogleg kunne gi deg tipsa du treng. MEN no er du faktisk heldig som får tipsa her (for ja, eg har vore tilsett på polet før eg fekk anda over meg for faktisk å begynne sjølvstendig).  

Julematen er ein stor og viktig del av tida vi går i møte. Det er tradisjon, vanar og gode minner som vert vekka til live då ein et akkurat det same som ein gjorde året før. Når ein har dei rette oppskriftene og råvarene i hus, er prikken over i`en å ha noko godt i glaset, og sjølvsagt godt selskap, på plass.  

Tradisjonelle måltid i vente, men kva drikker ein til? 

Tradisjonelle måltid i vente, men kva drikker ein til? 

Så kva er vel ikkje betre enn å få tipsa, og ikkje nok med det, få dei bestilt rett heim til deg?  

Under skal eg fortelle deg kor enkelt det er å bestille på Vinmonopolet sine heimesider og gi deg retningslinjer for kva du skal drikke til før vi går djupare til verks i neste veke.  

Vi har sjølvsagt 24 luker fram til julafta, og som dei fleste kjenner att frå den halvkjipe sjokoladekalendaren frå ein tilfeldig matvarebutikk, skal det vere moglegheiter for ei lita gåve også. Det er det også her, men garantert mindre kjipt enn tørr sjokkis. 

Vi trekker ein heldig vinnar kvar dag kl.21.00, så følg difor med i FB-gruppa og på mailen din.   

 

Dagens premie..

.....er favoritten til Petter frå Biens, nemeleg persetorsk for to i desember.

HURRA! 

 

Dagens tema:

Vin til julematen, bestill desse vinane  

Heimesida til Vinminopolet finner du alle vinane dei sel, både i bestilling og som du kan finne i butikkane. Under finner du litt av begge deler fordi eg gjerne vil gi deg mine beste tips. 

Du kan faktisk sitte heime i sofan din, lage deg ein brukar på Vinmonopolet og trykke inn varenummera eg har satt opp under. Gjer det gjerne i dag, så får du vinane i hus om 7-10 dagar. 

Og best av alt, då er det gjort! 

Saman med Raymond og Linn skal vi ta for oss meir om rettane som er nemt under og komme med enda fleire anbefalingar, men vi begynner roleg. 

 

Ribbe 

Ribbe.jpg

Bestill desse vinane:  

  • Bobler: Drappier Millésime Exception Brut 2012 (ordrenr. 5951401) 399,90 kr.
  • Kvitvin: Dom. des Guyons l'Ardile Saumur 2014 (ordrenr. 7263601) 199,90 kr. 
  • Raudvin: Cline Nancy's Vines Pinot Noir 2016 (ordrenr. 7791001) 139,90 kr. 

 

Pinnekjøt

Pinnekjøt.jpg

Bestill desse vinane:  

  • Bobler: Wolfberger Cremant d´Alsace Brut (ordrenr. 853701) 195,00 kr. 
  • Kvitvin: Gentil Hugel 2015 (ordrenr. 3453301) 139,50 kr. 
  • Raudvin: Borgogno Barbera d'Alba 2015 (ordrenr.4663601) 189,90 kr. 

 

Torsk 

torsk.jpg

Bestill desse vinane:  

  • Bobler: Charles de Fère Crémant du Jura Brut (ordrenr. 7817701) 139,90 kr. 
  • Kvitvin: Benoît Mulin Chardonnay Vieilles Vignes 2013 (ordrenr. 1485801) 149,00 kr. 
  • Raudvin: Sant-Cyr La Galoche 2016 (ordrenr. 7775601) 169,90 kr. 

 

Lutefisk

Lutefisk.jpg

Bestill desse vinane:  

  • Bobler: Francesc Ricard, Cava Brut Reserva, DO Cava, Xarello, Macabeo (ordrenr. 3972301) 156,90 kr. 
  • Kvitvin: Raddeck Riesling trocken 2015 (ordrenr. 3484801) 166,20 kr. 

* * *

Vipps – no har du funne ut kva du skal drikke til jul og innan kort tid har du vinane i hus. Det er jo alltid meir travelt mot jul, men bestiller du no er du ute i god tid.  

 

Lykke til!