Anniken England
Anniken England

 

Vil du ha rett mat og vin til heile julefeiringa? 

Då er du på rett stad! 

Julekalenderen 2017 vil gi deg dei perfekte vin- og mattipsa du treng frå 1.desember og fram til sjølvaste julaftan. 

Gjennom 24  luker vil du få konkrete vinanbefalingar frå Druefin og matoppskrifter frå Kokken og Konditoren som er både tradisjonelle og utradisjonelle. I tillegg får du gåvetips som du kan bestille med eit par tastetrykk. 

Alt vert formidla digitalt gjennom videoar, tekstar og bilete  for å  inspirere deg med nok kunnskap  for å  ha alt av mat og vin på plass til julefeiringa!  

dinner-meal-table-wine.jpg

Julekalenderen er for deg som er interessert i vin, utan at du på førehand treng å vere nokon ekspert. Vi gir deg tipsa slik at du vert førebudd til jul med rett vin, øl og drikke til all type julemat, og få dei beste mattipsa frå Kokken og Konditoren

Du vil enkelt lære kva som skal til og kvifor! Vi skal difor ikkje gå i djupna, men gi deg nok kunnskap til å kunne forstå kva som er rett drikke til julematen.

Du får 24 luker med innhaldsrike tips formidla på ein enkel og kreativ måte.  Vi skal ta føre oss vintips og oppskrifter til  tradisjonelle rettar som ribbe, pinnekjøt, rakfisk, torsk og lutefisk. Vidare vil vi sjå på vin som passar til ei rekke ulike dessertar og vin som passar til kvardagsmat. 

Det vil verta trekning av ein premie kvar dag, i tillegg til at tipsa til dei perfekte julegåvene, som sagt, berre er eit tastetrykk unna.  

pexels-photo-186615.jpeg

Du vil raskt opparbeide deg meir kunnskap og forståing gjennom våre korte, presise og tiltalande tips, og bli betydeleg meir bevisst på samansetninga mellom mat og drikke, for heile jula.  

For at du skal bli klar til jul gjeld det å komme i siget, få tipsa kvar dag og vipps har du alt på plass utan å måtte stresse deg i hel dei siste par dagane.  

cookies-christmas-xmas-baking.jpg

Kven er Druefin og Kokken og KonditorenVi er lidenskapleg oppteken av måltid og den gode samtalen - der mat og drikke er heilt sentralt. 

Druefin, Anniken, har bakgrunn frå ei rekke ulike restaurantar i tillegg til vinmonopol og sommerlierutdanning (vinkelnarstudie), og er difor rett dame til å gi deg verktøya slik at du kan skreddarsy knallgode drikketips etter dine behov. 

Med på laget er Kokken og Konditoren, Raymond og Linn, som begge har fleire års erfaring frå ei rekke anarkjende restaurantar. Dei vil gi deg oppskriftene og tipsa du ikkje vil gå glipp av.  

 

Lat oss komme i gong! 

Garanti: Om du ikkje er nøgd med Julekalenderen 2017 etter 7 dagar får du pengane tilbake.