Anniken England
Anniken England
Back to All Events

Vin- og matkurs på Café Herman – Ein introduksjon - UTSOLGT

  • Riverdalen 3 Leikanger, Sogn og Fjordane, 6863 Norway (map)

Har du tenkt på kvifor nokre mat- og vinkombinasjonar er betre enn andre? Eg vil gjerne geleide deg gjennom ein kveld med spanande smakar på tallerken og i glaset. 

Vi skal ta føre oss tre kvitvinar og tre raudvinar med seks små rettar til, altså ein tasting-meny.

Eg er utdanna sommelier, driv i dag mat- og vinbloggen Druefin og har starta med vinkurs på nett. Til dagen held eg til i Bergen og reiser så mykje eg kan for å hente inspirasjon, ny kunnskap og opplevingar som eg deler blant anna via bloggen. 

I tillegg har eg vore så heldig å jobba på Café Herman tidlegare, og eg ser difor ekstra fram til ein kjekk, inspirerande og underhaldande kveld med dykk.

Påmeldinga er stengd.