Anniken England
Anniken England
Back to All Events

Mat- og vinkurs med fokus på julematen - UTSOLGT

  • Riverdalen 3 Leikanger, Sogn og Fjordane, 6863 Norway (map)

Druefin kjem att med eit siste innslag før jul. 

Eg ynskjer å atter ein gong invitere til mat- og vinkurs på Café Herman, denne gongen med fokus på drikke til kjekke julerettar, med ein vri. Vi kan sjølvsagt ikkje vere heilt A4! 

Då julestria nærmar seg med stormskritt og ein snart skal stå ved pannene og koka utallege rettar, kan det vera kjekt med eit pusterom før ein skal trø til. Kurset vil gi deg inspirasjon og nye tips til korleis ein kan kombinera julemat med drikke på ein meir kreativ måte. Me kjem til å servere utradisjonelle og kreative rettar med mange spennande smakar. 

Det blir masse inspirasjon, latter, drikke og smakebitar til. 

I tillegg byr det på fest og moro etterpå. 

Kvelden byrjar 19:00 med ein kort introduksjon til korleis ein smakar på vin, før vi raskt bevegar oss vidare til seks forskjellige drikkeeiningar. Kvar rett kjem med ein liten matbit til for verkeleg å vekke nysgjerrigheita di for kombinasjonen mellom mat og vin. 

Vin- og matkurset er ferdig mellom 22:30 og 23:00 og då vert Café Herman opna for alle. Det vil vere mogleg å smake meir på vinane og fortsette den gode praten. 

P.S.: Det er sjølvsagt mogleg å smake vidare på dei lokale, gode øla også.

Tid: fredag 10. november, kl 19:00–23:00 (ope etterpå til kl 02:00) 
Stad: Café Herman, Leikanger
Pris: 640 kr 

Påmelding skjer via anniken@druefin.no, vipps til 474 88 182 eller via knappen under. Påmeldinga er bindande. Det er eit avgrensa tal plassar – fyrste mann til mølla. 

Gi beskjed om det er nokre allergiar eg skal ta omsyn til. 

Vi sjåast, det er duka for mykje moro!

Earlier Event: November 2
Vinsmaking på Zander K