Anniken England
Anniken England
Back to All Events

Mat- og vinkurs med fokus på Spania - UTSOLGT

  • Riverdalen 3 Leikanger, Sogn og Fjordane, 6863 Norway (map)

Det var heidundrande moro å arrangere vin- og matkurs heime i Sogn på Café Herman i april, og Druefin kjem difor attende i oktober. 

Denne gongen er det duka for smaken av Spania i glaset, med nøye gjennomtenkte rettar til. 

Spania er eit land mange har eit forhold til, og eg for min del har verkeleg fått opp augo for landet den siste tida. Den solfylte feriedestinasjonen har lagt meir å by på enn berre Rioja, og eg har oppdaga nye, mindre kjende stader, med deira nydelege druer og vinar. 

Denne kvelden skal alle få ein smakebit og drøyme seg vekk medan det ruskar ute. 

Kvelden byrjar 19:00 med ein kort introduksjon til korleis ein smakar på vin, før vi raskt bevegar oss vidare til tre forskjellige kvite vinar etterfylgt av tre forskjellige raude vinar. Kvar rett kjem med ein liten matbit til, for verkeleg å vekke nysgjerrigheita di for kombinasjonen mellom mat og vin.

Vin- og matkurset er ferdig mellom 22:30 og 23:00 og då vert Café Herman opna for alle. Det vil vere mogleg å smake meir på vinane og fortsette den gode praten. 

P.S: Det er sjølvsagt mogleg å smake vidare på dei lokale, gode øla også.

Tid: fredag 13. oktober, kl 19:00–23:00 (ope etterpå til kl 02:00) 
Stad: Café Herman, Leikanger
Pris: 640 kroner

Påmelding skjer via anniken@druefin.no, vipps til 474 88 182 eller via knappen under. Påmeldinga er bindande. Det er eit avgrensa tal plassar – fyrste mann til mølla. 

Gi beskjed om det er nokre allergiar eg skal ta omsyn til. 

Vi sjåast, det er duka for mykje moro!